Munnleg historie i Noreg
Denne prosjektsida er eit verktøy i arbeidet for eit Senter for munnleg historie i Noreg. Behovet vart fyrst definert i eit innspel til Humaniorameldinga i 2016. Det har sia blitt fylgd opp på ulike måtar i nettverket som sto bak innspelet. Våren 2020 tok seks personar i nettverket initiativ til ei sterkare organisering. Fyrste tiltak var oppretting av denne nettsida.
Arkiv: Hovudfokus i innspelet var behovet for eit felles digitalt arkiv for dei kulturhistoriske samlingane. Dette vart fylgd opp med ein felles søknad til Forskningsrådet, og hausten 2019 vart denne søknaden delvis innfridd. Arbeidet i prosjekt SAMLA starta for alvor våren 2021. Nasjonalbiblioteket er i gang med digitalisering av audiovisuell kulturarv på utgåtte format, deriblant munnleg historie i ABM-sektoren. Det manglar framleis ei løysing for offentleg arkivering av munnleg historie som er digitalt skapt, og for audiovisuell kulturarv i sivil og privat sektor.
Forsking: Det som i dag blir kalla munnleg historie (oral history) har lange og sterke tradisjonar i Noreg, både i kulturhistorie/kulturvitskap og historiefag. Norsk Folkeminnesamling vart oppretta i 1914, Norsk etnologisk gransking i 1946. Den store arbeiderminneinnsamlinga vart gjennomført på 1950-talet og har blitt fylgd opp mellom anna av prosjektet Arbeidsarven heilt fram til i dag. Minnebasen etter Aleksander Kielland-ulukka er eit eksempel på eit nytt forskingsprosjekt med sterkt innslag av munnleg historie. Men det trengst meir aktiv forskingsdiskurs, tydeleggjering av munnleg historie som eige fagfelt og styrka internasjonal kontakt.
Innsamling: Før det kan arkiverast og forskast, må det samlast inn og dokumenterast. Munnleg historie er eit felt der Grasrotforsking - Involvering av ikkje-akademikarar og frivillige - er særleg fruktbart og dermed viktig. Også her finst lange og sterke tradisjonar, ikkje minst med minneinnsamlingane i 1964, 1981, 1995/96 og 2012. Landslaget for lokalhistorie har vore engasjert, og sidan 2015 har Memoar vore ei grein av landslaget med hovudfokus på munnleg historie. I 2016 oppretta NEG og KulturIT Minner.no som innsamlingsverktøy for både musé, frivillige innsamlarar og privatpersonar. Det trengst å heva statusen til slikt arbeid, både for å mobilisere fleire til å delta og for å lette finansieringa av innsamlingsarbeid. Det trengst også metode- og teknologiutvikling for å finne tidsmessige dokumentasjon av digitalt skapt munnleg kjeldemateriale.
Kriseberedskap: Dette initiativet kjem midt under det som truleg vil bli ein milepåle i historia: Koronakrisa 2020. Det er eit stort savn at vi ikkje har beredskap for slike hendingar, slik at det kan samlast kjeldemateriale frå dag til dag etter som krisa utviklar seg. Det er behov for å plassera eit slikt ansvar, og for å utvikla profesjonelle og frivillige ressursar som kan trø til på kort varsel når kriser oppstår.
Formidling: Både "Historie nedanfrå" og den nye varianten (?) "narrativ polyfoni" skapar særlege utfordringar og moglegheiter innan formidling. I tillegg kjem alle dei tekniske moglegheitene som opnar seg for digitalisert råmateriale. Når munnleg primærkjeldemateriale blir tilgjengeleg i stadig større omfang, og frå stadig breiare syns- og erfaringsvinklar, aukar også behovet for eit kompetansesenter som kan samla og distribuera ny kunnskap som utviklar seg. Det kan for eksempel vere viktigare å dyrka synergiar enn å trekka klare grenser mellom akademisk og kunstnarisk formidling av historias ulike stemmer.
Senter for munnleg historie:
Visjonen er eit godt synleg senter som kan sikre kompetanse, infrastruktur, forsking på og formidling av munnleg kjeldemateriale og munnleg kulturarv.
Initiativtakarane:
Aud Mikkelsen Tretvik, Audun Kjus, Bjørn Enes, Line Esborg, Line Førre Grønstad, Marie Nicolaisen