Bergen 2019

Etter initiativ frå Memoar blei det i 2019 gjennomført eit forprosjekt om eit senter for munnleg historie. Forprosjektet er skildra i fleire bloggpostar og ein sluttrapport. I oktober 2019 publiserte forprosjektet denne visualiseringa av ideen dei arbeidde med:

Eit senter for munnleg historie ikkje vera ein del av det nye Griegkvartalet i Bergen. Ideen er den same, om det så ligg kor som helst elles. Men sett no at det lot seg gjera å bli ein del av det miljøet som skal veksa på gamle Nygård skole! Då kunne det sjå slik ut:

Mottak:

Du kjem inn i eit rom med kafébord og enkel servering, der det summar av stemmer: Ivrige folk i alle aldrar sit rundt borda. Ingrid ungdomsskuleelev og bestefaren hennar sit og ventar på tur – dei har time i Studio 4 for å laga julepresang til mellomgenerasjonen. Bestefar skal fortelja om den gong han var hippie og reiste til India for å læra meditasjon. Ingen i generasjonen mellom dei veit noko særleg om det – dei har aldri spurd. Men det har Ingrid.

Ved nabobordet sit forskar Fredrik og strekar med markeringpenn i utskrifta som viser treff på «harpunteknikk» i alle dei kulturhistoriske arkiva pluss Memoar. Han skal halda ei førelesing om Taylorisme i internasjonal kvalfangst, og treng dokumentasjon på kor lang tid det tok frå skyttarane sette ord på eit problem til det vart fanga opp av leiinga i reiarlaget.

Bortafor der att sit Lilli og Bård frå Sjøfartsmuseet saman med Per Gustav frå Skipperforeningen og oppsummerar resultatet av maskintelegraf-innsamlinga. I to veker har det stått ein maskintelegraf i Monter 6. Der har også vore ein automat som har stilt tre spørsmål til alle som har trykt på knappen for å svara: «Forklar kva du ser i monteren?» «Fortel om fyrste gong du sjølv brukte ein slik?» og «Fortel den historia du hugsar best om ein slik?» – «Har du lyst å fortelja meir? – Trykk på på ein ledig intervjutime eller sei telefonnummeret me kan nå deg på». Det har kome åtte svar – dei skal plukka ut eit eller to svar som skal brukast i museet, der maskintelegrafen skal stillast ut.

Ved disken står Solrun og Tina frå Vestnorsk Teater og fortel entusiastisk til Jørgen frå Rusten Spiker Film om den einasta landinga som nokon gong skjedde på flystripa på Landås. Dei har kome over historia i Memoar si bydelssamling, men får ikkje brukt henne i produksjonen dei held på med, så dei delar gjerne tipset.

Skranken:

Det er Barbro frå Memoar som har vakt i skranken i dag. Ho sit i telefonen og snakkar med nokon i Varanger som spør etter munnlege kjelder om beiterettar på austsida av ein ås som ho må be dei stave namnet på – på både samisk og norsk. Materialet finst, men det er sperra og dei må søke innsyn. Det tar tid – køen veks, og Bjørn André frå Skeivt Arkiv må riva seg laus frå dokumentasjonsarbeidet sitt ved bakvakt-maskinen. Skranken skal både ta seg av telefonar og epost frå heile landet om dei fem store kulturhistoriske arkiva, (Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking, Etno-folkloristisk arkiv, Samiske Samlingar og Skeivt Arkiv) – samtidig som dei skal hjelpa dei som dukkar opp på Senteret.

Bokhandelen:

Rett ved sida av skranken finst ei stor samling av memoarlitteratur, mange av bøkene er publiserte av senteret sitt eige forlag. Det er ein «interaktiv forlag» som hjelper skrivande personar, organisasjonar og verksemder med sjølvpublisering av minnelitteratur, formidling, netthandel og altså denne bokhandelen der folk kan bla i fysiske bøker om levd liv.

Lyttesalen:

«Lesesalen» er heildigital. Kvar maskin et utstyrt med head-set slik at publikum kan høyra utan å forstyrra naboane. Kven som helst kan koma inn og søka opp opne kjelder. Folk som har fått tilgang til sperra kjeldemateriale må logga inn. Fordelen med å sitja her framfor å sitja heime er dels at maskinane er spesielt oppsette for munnleg historie og kulturhistoriske arkiv, dels at det er hjelp å få, både i skranken og hos andre folk i miljøet.

Minikino:

Like ved ligg ein liten kinosal med 10-20 seter der utvalde intervjuopptak blir spela i full lengd etter eit førehandsannonsert program. Det kan for eksempel sjå slik ut:

09:00 – 10:50: Ella Rafto (1916-2017) om barndom på Møhlenpris, kontorarbeid på 1930-tlet, motstandsarbeidunderkrigen og kvinneavdelinga på Grini fangeleir.

11:00 – 12:50; Abdigani Getamesay (f.2001) – Om migrasjon, oppvekst på Tøien og utvikling av kunstambisjonar innan hiphop.

13:00 – 14:50; Efraim Kanestrøm (f. 1975) – Om å takka nei til å ta over slektsgarden og heller velgja industrien. Levd liv i Marinen og oljeindustrien. MC-miljøet i Bergen.

15:00 – 16:50; Gunda Klarklina (f. 1975) – Om barndom i Sovjetunionen, migrasjon, ny start i Begen og heimlengt.

17:00 – 18:50: Johannes Byrkjenes (f. 1943) – Om anleggsarbeid 1958-2018, vasskraft- og industriutbygging, bruer og veganlegg, offshoreinstallasjonar og landanlegg, Endringar i arbeidskultur, verktøy og organisasjon.

Mellom kvart framsyning går ein liten kortfilm der folk blir oppmoda om å fortelja og med informasjon om at dei kan bestilla time for intervju i skranken.

Studio:

Fire studio ligg etter kvarandre langs bakveggen.

Studio 1 kan kven som helst bestilla. Normalt får dei to timar til å gjera intervju- eller samtaleopptak. Dei kan ta opptaket med seg på ein minnepinne når dei er feredige, eller dei kan dela det med Memoar, historielaget, museet eller Folkeminnesamlinga.

Studio 2 kan også kven som helst bestilla, men dette kostar nokre kroner for teknisk hjelp. Når alt er sett opp, klarar intervjuar og intervjuobjekt seg sjølve – men så får dei hjelp att etter avslutta opptak, slik at opptaket endar der det skal.

Studio 3 er fullt utstyrt med både teknisk hjelp og intervjuar. Her har musé, arkiv, forskarar og organisajonar som arbeider med munnleg historie fyrste prioritet. Mange av dei har erfarne intervjuarar sjølve. Andre «spleisar» på ein profesjonell intervjuar.

Studio 4 er eit «leigestudio» med profesjonell bemanning. Både private og offentlege kan leiga studiotid der, og prisen er fullkost. Bemanninga er tilsette på senteret, supplert med frilansarar.

Dokumentasjonsrom:

Eit avlukka arbeidsrom er for akkrediterte frivillige og profesjonelle dokumentasjons-arbeidarar og andre som arbeider med upublisert materiale. Dei vanlegaste arbeidsoppgåvene er logging av videointervju, det vil seie utarbeiding av relativt detaljerte oversyn over innhaldet i intervjuopptak. Unntaksvis vert det gjort full transkripsjon. Redigering av kortare og lengre utdrag til bruk i utstillingar, undervisning eller andre produksjonar skjer også her. Akkreditering kan ordnas på nett eller i skranken, og består av legitimasjon, skriftleg erklæring om formålet med akkreditering og signering av taushetsløfte.

Kursrom/grupperom:

Kursromet er ikkje så veldig stort, det passar for ein kursgrupper på ti til tjue personar. Med ein enkel flyttbar skilevegg kan det delast i to grupperom. Ei rekke kurs går nærast kontinuerlig der, dei vanlegaste er akkrediteringskurs for dokumentasjonsarbeidarar, intervjukurs, video- og lydredigeringskurs. Romet blir også brukt til arbeid med formidling og «foredling», det vil seie vidareutvikling av kjeldematerialet til dokumentarfilmar, undervisningsfirlmar, teater- og kunstproduksjonar etc),

Prosjektgrupper eller heile klassar frå grunn-m ungdoms- og vidaregåande skular er ogsåflittige brukarar av kursromet. Vanlege tema er produksjon, analyse og kritisk vurdering av munnlege kjeldesamlingar.

Blackbox:

Ved sida av er ein studioscene der det foregår øving og regi av forteljarkunst. Brukarane her er både studentar, amatørar og profesjonelle forteljarar. Når ein produksjon nærmar seg fullføring, blir gjestene i kafeen stadig invitert inn for å vera kritisk prøvepublikum. Ferdige produksjonar går gjerne ut til publikumsarrangement i Logen Bar, i musea eller på Biblioteket. Ofte reiser forteljaren også på turne med den Kulturelle Skulesekken eller Spaserstokken. Ein viktig grunn til at denne blackboxen er attraktiv, er samlokaliseringa med alle aktivitetane rundt innsamling, dokumentasjon og arkivering av autentisk munnleg kjeldemateriale.

Auditorium:

Auditoriet er relativt stort – om lag hundre plassar. Det vert brukt til Memoarkonferansen ein gong i året, og er ein attraktiv tilbydar til mange andre konferansar og seminar som handlar om munnleg historie. Ofte er auditoriet også lånt eller leigd ut til organisasjonar som skal ha møter der med innslag om munnleg historie om sittfelt.

Kontor:

I etasjen over ligg ei rekke kontor. Fleire frilansarar har leigd seg inn der. Ei forskar arbeider med ein Nærings PhD og munnleg historie i Noreg. Amatørkulturrådet har flytta dit, det same har Memoar. Senteret sin administrasjon har også kontor der, sjølv om det meste av det administrative går føre seg i skranken i publikumsområdet.

Pensjonistbenken:

Og på utsida, i kroken der formiddagssola varmar på gode dagar og regnet bles bort på våte, der sit Bjørn og Oddvar med kvar sin stokk og utvekslar frustrasjonar over verdas skeive gang, og minner om kor mykje betre forteljingane var før i verda.

Slik kan Senter for munnleg historie sjå ut!

(Fri oppsummering etter diskusjon i Tenkjetank 30/9-2019. Skriven avBjørn Enes)