Alle er fyrstehands kjelder til den tida vi lever i. Det har stor verdi, både for samtid og ettertid, å ta vare på og dele eit mangfald av folks minne, observasjonar, livserfaringar og refleksjonar.

Munnleg historie har lenge vore eit lågt prioritert område i Noreg, både i forskings- og bevaringsinstitusjonar. For å styrke frivillig og profesjonell innsats, treng vi eit nasjonalt senter for innsamling, forsking og formidling av munnleg historie. Eit slikt senter vil styrke alle fagområde som omfattar munnlege og immaterielle kjelder, og bli ein spydspiss i utviklinga av etikk, metodikk, infrastruktur og formidlingsformer. Det vil frigjere store krefter gjennom å fremje samarbeid mellom forskarar, abm-institusjonar, frivillige organisasjonar og private aktørar.

Sommaren og hausten 2020 mobiliserer vi oppslutning om denne målsetjinga gjennom å samle underskrifter. I oktober inviterer vi til eit arbeidsmøte der vi diskuterer ideen om eit senter, stiftingsform (stifting, selskap, foreining e.l.) og eit eventuelt styre som kan arbeide vidare for å verkeleggjere målet.